27. oktober arrangerte Følgjegruppa eit arbeidsseminar/ studieleiarsamling der rapporten frå dette arbeidsåret vart lagt fram, diskutert og bearbeidd. Samlingane som har vore arrangert i samband med årsrapportane, har vore viktige og nyttige møteplassar for dei som skal setje i verk den nye utdanninga. Under finn du program for konferansen og nokre av presentasjonane som vart gitt. […]

27. oktober arrangerte Følgjegruppa eit arbeidsseminar/ studieleiarsamling der rapporten frå dette arbeidsåret vart lagt fram, diskutert og bearbeidd. Samlingane som har vore arrangert i samband med årsrapportane, har vore viktige og nyttige møteplassar for dei som skal setje i verk den nye utdanninga. Under finn du program for konferansen og nokre av presentasjonane som vart gitt.

 

Program for samlinga

 

Innleiingspresentasjon til samlinga

Den tredje rapporten har undertittelen «tilbakevendande utfordringar og uprøvde mulegheiter». Både utfordringane og mulegheitene vart dregne fram i innleiingspresentasjonen frå leiaren av Følgjegruppa, Mimi Bjerkestrand.

Profesjonsretting

Eitt av områda Følgjegruppa har sett på dette året er profesjonsretting av utdanninga. Før ein i grupper på tvers av institusjonane drøfta dette området, vart det lagt fram nokre innspel til diskusjonen frå medlem i Følgjegruppa Robert Ullmann.

Vurdering i barnehagelærarutdanninga – er vi på rett veg?

Vurdering var eit av dei andre områda Følgjegruppa arbeidde med i år. På samlinga innleia Birte Simonsen, medlem i følgjegruppa, til diskusjon og erfaringsutveksling. Mellom anna skulle kvart institusjon ta med seg eit døme på eit vellukka vurderingsopplegg frå eitt av kunnskapsområda, og dele dette med dei andre i gruppa.

Rettleiing i barnehagelærarutdanninga

Rettleiing er ein av dei grunnleggjande arbeidsformene i barnehagelærarutdanninga. Kaare Skagen HiOA, presenterte feltet og ga viktige perspektiv på rettleiing som sentralt tema i utdanninga.