Den andre rapporten frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning er overlevert Kunnskapsdepartementet. 30. september overleverte følgjegruppa for barnehagelærarutdanninga årets rapport frå arbeidet til statssekretær Birgitte Jordahl. Tittelen på rapporten er: Barnehagelærarutdanninga. Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting? Rapporten er frå dette tidspunktet å sjå på som offisiell og kan lastast ned her Leiar av følgjegruppa Mimi Bjerkestrand […]

Den andre rapporten frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning er overlevert Kunnskapsdepartementet.

30. september overleverte følgjegruppa for barnehagelærarutdanninga årets rapport frå arbeidet til statssekretær Birgitte Jordahl. Tittelen på rapporten er: Barnehagelærarutdanninga. Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting?

Rapporten er frå dette tidspunktet å sjå på som offisiell og kan lastast ned her

Leiar av følgjegruppa Mimi Bjerkestrand er godt nøgd med innhaldet i rapporten og meinar at den peikar på viktige både mulegheiter og utfordringar når det gjeld vidare arbeid med ei stor utdanningsomlegging som den nye barnehagelærarutdanninga er.

Følgjegruppa har store forventningar til at også desse opne og dialogbaserte konferansane skal bidra konstruktivt i iverksetjingsarbeidet. Interessa for konferansane har vore stor, med om lag 100 deltakarar på kvar konferanse.